Hardanger Ungdomsråd si samling i Eidfjord Publisert 09.07.10 Foto: Trude L. Rinaldo
I slutten av juni hadde me ei stor internasjonal samling med Hardangerungdom i Eidfjord. Det vart eit svært vellukka arrangement med interessante debattar. Tema var store, f.eks internasjonalisering og integrering. To sider av same sak, men det eine ordet opnar gjerne opp og medan det andre ordet lukker att?
Me fekk besøk ifrå skulen Buontalenti i Firenze. Heile Hardanger hadde ungdomsrepresentantar. Ein volonteur ifrå Øystese fortalde om si erfaring. Ingrid Hendrix fortalde om det å vera innflyttar i Eidfjord. Aktiv Ungdom sto som ansvarleg for innhald og Svein Erik Helle leia oss gjennom dag 1. Barbara Harterink, leirar Aktiv Ungdom presenterte og la fram mange mogelegheiter for framtidige prosjekt.
Hardanger Ungdomsråd og Hardangerrådet var arrangør. Prosjektet vart gjennomført med støtta ifrå EU-programmet Aktiv Ungdom.
For meir informasjon sjå vedlagte notat.
Ha ei riktig god sommarhelg!
404Notat kontaktseminar 16.-18.06.10.doc |