HARDANGERKONFERANSEN 2010

Publisert 23.06.10 Foto: Leiv Vambheim

Set av datoen 4. november 2010, då vert det Hardangerkonferanse med temaet: INTERNASJONALE HARDANGER.

UTFORDRING
Hardanger har tradisjon for å vera internasjonalt orientert, men kvar står me i dag? Kva må me setja fokus på framover for å vera deltakar i framtidig internasjonal handel og samkvem?

HARDANGER I VERDA
Sårbarheitsindeksen for Hordaland oppdatert mai 2010 fortel at Hardanger må styrkjast på områda folketal, utdanningsnivå og bedriftsvekst. Dette tyder aktive handlingar for attraktive levedyktige verksemder. Me lever i ei globalisert verd og verksemder i Hardanger i ein globalisert marknad. Industri, reiseliv, oppdrett, landbruk/frukt, mange små og mellomstore verksemder driv handl verda over. Kommunar har vennskapserfaring og Hardangerrådet ser på regionale samhandlingsaktivitetar.
Me får vitjing: Kva kan me læra av andre og av kvarandre?

HARDANGERKONFERANSEN 2010 VIL HA FOKUS PÅ STATUS OG FRAMTID FOR DET INTERNASJONALE ARBEIDET I HARDANGER.

Set av torsdag 4. november 2010: Vert oppdatert og ta del i nettverksbygging for næringslivet i heile Hardanger på Hotel Ullensvang på Lofthus.

INNVITASJON OG SPANANDE PROGRAM KJEM I BYRJINGA AV OKTOBER.

Hardangerkonferanser er eit samarbeid mellom Sparebanken Vest, BKK, Hordaland Fylkeskommune, Ullensvang herad og Hardangerrådet IKS.


 
 
 

Skrivevennleg versjon        Tips ein ven        Kommentar/spørsmål til denne sida

 

 
 

Produsert av Okapi AS
Eidfjord Kommune Granvin Herad Jondal Kommune Kvam Herad Odda Kommune Ullensvang Herad Ulvik Herad