Hardanger 2030 Publisert 23.05.07 Foto: Kari Vambheim
Hardanger 2030 er fellestittelen på eit langsiktig arbeid i og for regionen Hardanger framover mot årstalet 2030. Hardangerrådet sit i førarsetet med ordførarane i regionen som styringsgruppe og daglege leiar som prosjektansvarleg for dei overordna grepa. I tilknyting til dette paraplyprosjektet har regionen sett igang fleire tiltak/prosjekt som har fokus på Hardanger fram mot 2030.
Sjå vedlegg for nærmare orientering om dette.
Frå 1986 til 2006 har Hardanger gått tilbake frå 26175 til 23112 innbyggjarar. Dette utgjer 12 % på 20 år. Framskrivinga til Statstisk sentralbyrå er vidare 21906 innbyggjarar i 2020. og 16881 innbyggjarar i 2030.
Tal på arbeidsplassar har gått frå 11371 i 2000 til 10343 i 2005, ein reduksjon på 9 %. Men antal bedrifter har gått opp frå 973 i 2002 til 989 i 2006, så etablerarteneste og jobbskapingsarbeid virkar.
Hardingane sjølve må ta tak for å utvikla folketal og arbeidsplassar i regionen.
Eg vil nyttar høvet til å ønskja alle med hjarte for å utvikla Hardanger velkomne med synspunkt, innspel og idear til Hardangerrådet.
HARDANGER 2030.doc |