Uttale til Transportplan for VestlandetHardangerrådet viser til eigne uttalar frå kommunar i Hardanger og har slike innspel til Transportplan for Vestlandet 2007-2019:
Vegsektoren:
• Kyststamvegen E 39 er ei hovud transportåre for Vestlandet og må ha jamn og god utbyggingstakt, men ikkje slik at alle stamvegmidlar vert sugd ut til kysten. Stamvegar og riksvegar aust-vest og nord-sør er avgjerande for Indre Hordaland og Hardanger.
• Aust-vest-sambanda E 134 og Rv 7 er begge hovudårer for Hardanger. Ny trase utanfor Røldal på Haukelivegen og sikker heilårsveg over Hardangervidda er hovudprioritetar for Hardanger.
• Ei aust-vestline Bergen-Jondal-Odda med tilknyting til Haukelivegen meiner Hardangerrådet må gå via Norheimsund. Det understøtta Hardanger si nærmare tilknyting til Bergen gjennom Kvammapakken og ein framtidig Hardangertunnel (under Kvamskogen) og Arnatunnel.
• Rv 13 mellom Stavanger/Sandnes og Førde er gledeleg fokusert i planen som den indre nord-sør-korridor. I tilegg til dei 3 hovudutfordringane som ligg i planen tilrår Hardangerrådet å ta med flaskehalsen Oddadalen. Her føreset Hardangerrådet at arbeidet med Vossapakken, Odda sentrum, Ryfylkepakken og planlagde rassikringstiltak vert gjennomførte.
Ferjene:
• Eit ferjetilbod må vera stabilt og framkomeleg utan attståande bilar, slik at tidsfaktoren vert forutsigbar for innbyggjarane i Hardanger.
Jernbane:
• Hardangerrådet støttar oppgradert Bergensbane med hurtigtog, som reell konkurrent til fly for regionen og som viktig tilførsel til aktiv bruk av Hardanger som reiselivsområde. Bergensbanen må også ivareta interessene til fastbuande og næringsliv langsmed banen Konsekvensar av utgreiing om høgfartstog over Haukeli eller som Ringbane i sør Noreg, må leggjast inn i plandokumentet.
Sjøtransport:
• Eit eller fleire nye hamneselskap som tar hand om store utfordringar både innan gods og persontransport på Vestlandet bør arbeidast vidare med og Hardanger ønskjer å delta i slike utgreiingar.
Luftfart:
• Større regional medverknad i utvikling og kjøp av rutetilbod vil gi fleire utanlands direkteruter til Bergen og Haugesund og mindre tvangsdirigering om Gardermoen. Dette vil styrkja reiselivet i Hardanger.
Regional kollektivtransport:
• Hardanger ser ein regional transportetat som koordinerer Vestlandet som nyttig både på kollektivrutenett, takst/billettering, knutepunktutvikling og marknadsføring.
• Det vert i tillegg viktig for innbyggjarane i Hardanger å ha eit nett med lokale ”materuter” til ekspressbussar og jernbanen.
• Begrepet ”Fjordbussen” for gjennomgangsruta langs kysten må fjernast.. Det er å selja ei vare reisande ikkje får. Fjordbussen må gå i innom fjordane, t.d. mellom Stavanger via Ryfylke, Hardanger og Geilo/Valdres, i tråd med innspel som IS Fjordvegen har lansert, men som ikkje er med i planen.
Bypolitikk:
• Eit rasjonelt og effektivt kollektivnett i og til/frå byar og tettstader er viktig for å avgrensa miljøbelastninga.
Finansiering og organisering:
• Hardanger treng rassikre, trygge, framkomelege vegar med gul stripe og betydeleg auka rammer.
• Hardanger ser at bompengar og prosjektfinansiering er nødvendig verkemidel for å kompensera for manglande statlege løyvingar.
• Regionalpolitisk styring av vegsektoren gir betre samordning og prioritering, men også interne utfordringar.
|